onsdag 5. februar 2014

Tom hylle, nye bilder...

Det er ei stund sidan vi hengde opp ny hylle over TVen.
Den har vore litt tom...















Fekk lyst å lage nokre bilder.


























Laga to grafiske bilder i InDesign, printa ut og sette i nokre rammer
eg hadde leiggande.
Hjorten som eg fekk til Jul passa fint ved sidan av.
Kjekt med noko nytt!

Ha ein fin dag!

søndag 19. januar 2014

Guterom og sydille...

Det er leeenge sidan sist....
Fekk brått lyst å lage eit nytt innlegg, så kvifor ikkje.
Har blitt ein del endringar i heimen sidan sist.

Torje sitt rom har vore ferdig ei stund, men har over tid innreia og
sydd ting til dette rommet. Har kosa meg med det.

Rommet var i utganspunktet heilt kvitt. For å friske det opp måla eg to av
veggane i ein lys blågrøn farge. Svært nøgd med denne fargen!
Den er roleg og behagleg, men likevel frisk.



























På den eine veggen, som fortsatte er kvit, har eg hengt opp ein høgdemålar.
Dette er wallsticker kjøpt på http://www.kinu.no/
Denne er både dekorativ og nyttig!

























Eg har sydd litt småting til rommet til Torje. Han har fått uro over senga og
hjarte som namneskilt på døra. Oppheng til uro er kjøpt på Panduro.
Kjekt å ha ein del stoffbitar liggande i ulike fargar og mønster i tillfelle ein
plutseleg får sydilla...




































Over seng heng ei koseleg hylle med småting.
















Alle barn treng ein del oppbevaring av leikar og diverse. Det er kjekt med
korger og boksar som er fine å sjå på i tillegg til at dei fungerer som oppbevaring.
Eg kjøpte filtboksar og metallboksar på http://www.snedesign.com/
Bilete med godnatt-dikt er og frå sne.



















Ha ein fortsatt fin søndag!

Kristin